Madla historielag sitt julemøte ble arrangert i Madla sanitetslags hus i Madlamarka – mandag 5. des. kl 1900.
Formannen Per Olav Tveita ønskte alle velkomne til grautafes. Dei frammøt 75 – 80) satt rundt festpynta langbord og der var ikkje mange tomme plasser ledige. Det blei delt ut eit songark. Men songen med ein fin tekst, men meir ukjent tone, gjekk dessverre ikkje så bra.
Så ble ordet gitt til Eli Austnes som skulle kåserte om gamle Madla, og serleg då Revheim og forholda der i kring 1920 og 1930 åra.
Eli Austnes har eit veldig godt minne, og hugser sin barndom og ungdomstid veldig godt. Dessverre måtte ho korta inn mykje på det ho hadde på hjarta, av fare for å bli for langdryg, og det gjorde henne noko bunden. Men det var veldig interessant det ho kom med.
Det var om torvspading og tørking, om blåbærplukking, om retten til taren og tarerestar, om den merkelege og gåtefulle kyrkjesteinen. Faren kjøpte gard på Revheimi 1911, og eigde også der som Idrettshuset er no. “Revheimsjorda er den beste i Norge”, sa faren. Han oppnådde å få premieskeier for komet sitt. Sundal og Ropeid var gode venner og naboar. Dei drog til Bergen og seIdekom, poteter og grønsaker. Familiene var barnerike den tida. Mange nådde høgt opp og fram -både her heime og i Amerika. Skolegongen utanom barneskulen var det så som så med. Ho nemnde Sigurd J. Revheim, AnnaMolaug Hovland, Ivar Jørpeland o. a. som alle gjekk skulevegen.
Ho fortalte også mykje interessant om vegane, kvar dei gjekk og standarden. Dei måtte nytta båt over Stokkavatnet og over Hafrsfjord. Brua kom seint. Bussen til og frå Tananger gjekk to gonger om dagen:, og starta kl. 8 om morgonen trå Tananger -altfor seint var det – meinte alle.
Eli tok sertifikatet på bil i 1937, og kjørte griser på slaktehuset. Ho hadde nokre kjøretimar med BerteIsen i Sandalen, og så fekk ho kortet, kort og greitt.
Ho fortalde og om isskjæringen på Mosvatnet. Isen solgte dei til kjøling av fisk i Stavanger.
På Fredtun var det leik og dans, tablå og skodespel. Bjergajentene var populære og Aaslandsjentene så gladværuge. Faren var formann i det frilynde ungdomslaget ei tid. På Forsamlingshuset på Madla samla dei seg dei kristne ungdomane. – Ho kåserte lenge og vel, og vart fagna med blomster til slutt.
Så var me komne til grauten, og den smakte godt -som vanleg.
Kristian Finbakk viste oss så Madlafilm. – Til slutt greidde Per Olav ut om planar for neste år.
Årsmøtet blir i mars -95. Vel møtt da.