Svein Inge Langhelle:Religiøse svar på endringer i samfunnet.  Om lag 60 hadde funne vegen til Hafrsfjordsentere mandag 16.0ktober.


Som kåsør var Svein Inge Langhelle innbeden. Langhelle er lektor, og er ein hovudforfattar av Soga om Sola og Madla band 2 og 3. t Emne han hadde teke denne-kveldenvar svært omfattande. “Religiøse svar på endringar i samfunnet? Normskifte i Rogaland 1820-1850.”  I Rogaland var det i åra frå 1820 og utover til 1850 svært mykje bruk av alkohol il festar. Det vart nytta alkohol til barsel, dåp, bryllaup og begravelse.


Fleire stader i Rogaland er det skrive om bryllaup som varde i tri dagar med samanhangande fyll. Frå Nord-Rogaland i 1827. Gjestgivarane starta å selja brennevin straks preika var over. På Jæren kalla dei drikkelaga ved høgtidene for ”hobegang”. Det var ei æra å vera godt stelt med brennevin.Etter rusen kom “blåmandag”. Fleire var gjerne uskikka til arbeid i fleire dagar. Det hende og at barn tok seg ein rus. Festekulturen var ein arv frå gamalt. Mykje mat og godt drikke, bandt folk saman. Dei kunne nyta det gode liv.


Den religiøse vekkinga utover i 1830 åra, kom som ei motvekt til dette utsvevande livet. Særleg kom haugianismen til å veksa seg sterk. Kvekarane spela ein mindre rolle. Rørsla stod svært sterkt i Nord-Rogaland. Då særleg i Tysvær, Skjold og Vats. Det gjekk eit geografisk skilje aust-vest langs Sandeidfjorden. Aust for dette skilje fekk aldri haugianismen det sterke grepet om folk. Hjelmeland var eit kraftsenter i det austlege Ryfylke. Jæren var mindre prega, men rørsla stod strekt i Sola og Madla.


Haugianarane var nøysame i selskapslivet. Dei brukte lite på seg sjølv, men var oppteken av det religiøse i heile si framferd. Dei hadde ikkje rom for spel og moro, men å hindre at ikkje djevelen fekk innpass i livet. Frå Mosterøy kom John Rasmussen Haugvalstad. Han var ein trugen haugianar. Dette var ein mann med eit svært pietistisk syn. Haugvalstad gjorde mykje for å få i gang verksemder. Mellom anna fekk han i stand eit teglverk på Boganes, og han åtte eit sagbruk på Sand. Han reiste og mykje rundt til vener i Ryfylke for å utbreie sitt bodskap.


I 1842var han med på å skipa Det Norske Misjonsselskap i Stavanger. Mellom vanlege ikkje truande folk, bar haugianarane med seg ein viss frykt. Ein måtte koma til den rette tru for dei som stod utanfor. I alle høve førde dette med seg ein stor respekt, når dei såg kor arbeidsame, og økonomiske desse var. Drukkenskapen gjekk attende i og med at dei økonomiske kåra betra seg. Dette må ein og sjå i samanhang med dei store haugianske vekkingane, som sette kampen mot brennevinet høgt på dagsorden.


I 1858 høyrer ein frå eit prestegjeld at det er en skam med nytelse av brennevin til bryllaup og begravelser. Også forbod mot søndagsarbeid, kom med haugianismen. Sanninga var vel at tleire førde ein slag dobbel rolle. Eit liv i lag med andre, og eit anna innafor fIre vegger. Tilhøva mellom kyrkja og haugianarane betra seg utover i 1840. Ein kunne vinna almugen betre ved at dei arbeidde saman.


I 1870 kom den store vekkinga på Vestlandet. Mens det før 1850bare var einskilde stader som var prega av haugianismen, fekk no forkynninga eit anna preg. Berge Furre kallar dette den” sterkaste masserørsla på 1800talet”. Ei ny tid kom. No heitte det “kom som du er”. Ein trong ikkje bale med den evige synda for å verta frelst.


Bedehuset og indremisjonen kom som ei naturleg forlenging av haugianarane sine samlingar på kyrkjebakken. Det fyrste bedehuset er om mogeleg på Hjelmeland i 1840.

På siste halvdel av 1800 vart det bygd ei mengd bedehus. Frå 1900 kom dei store vekkingane, og dermed den store utbygginga av bedehus. I 1905 og åra kring var det sers mange vekkingar i Rogaland.

Då bedehusa kom, styrka dette maktstillinga til lekfolket i bygdene. Bedehuset kunne og stå i strid til kyrkja, og det den stod for.


Frå 1870 fekk ein to polar i kyrkjelydane. Mange hadde religionen for seg sjølv, men brukte den bare til dåp, vigsel, konftrmasjon og gravferd. Den andre sida stod misjonsfolket, som trufast gjekk i i kyrkja.

I 1950 og 1960 åra var det halvfulle bedehus. Samstundes stod statskyrkja fram med breiare appell enn før. Lekmannsrørsla var i ferd med å tapa..


Kring år 2000 var det bare 5 til 10% som slutta opp om kyrkja sine aktivitetar. Likevel held tleirtalet framleis om statskyrkja. Fyrst og fremst ved at dei opplever ein nasjonal og kulturell identitet.

Det kristne vert stadig eit mindre fellesskap, og meir og meir individualisme.

Jostein Selvåg

Ref.